Attreisinga

Attreisinga etter storbrannen gjekk fort. Det kom mykje av den hjelpa som refvikarane fekk. Vågsøy var på denne tida ein del av Selje kommune. Berre fire dagar etter brannen, 26. august, samlast kommunestyret til møte i Osmundsvåg. Dei folkevalde var samde om at folket i Refvik måtte hjelpast ”øieblikkelig: dels med mat og anna livsnødvendig, dels med bygging av nye hus.” Kommunestyret valde ei eiga nemnd til å ta seg av dette arbeidet. Vidare vart det nemnt opp ein mann frå kvar skulekrins, i alt 23, som vart pålagde å samle inn pengar til dei ulike hjelpetiltaka. I tillegg vedtok kommunestyret at alle gardbrukarane i prestegjeldet måtte levere 1 à 2 våger høy (ca. 40 kg) til dei brannlidne før vinteren. Utskrift av møteboka vart som vanleg send til futen i Nordfjord og Sunnfjord, som på vegne av amtmannen (fylkesmannen) skulle føre tilsyn med kommunane Futen likte heller dårleg kommunestyret si offensive haldning. Ja, etter hans syn gjekk dei folkevalde langt utover den kompetansen dei var tillagde etter lovverket. Men kommunestyret gav seg ikkje, og svarte at det var seg ”fuldt bevisst hvad det i anledning Refviks-branden har besluttet”. Seinare synte det seg at kommunen kom ifrå det heile utan større økonomiske utlegg. Både frå nær og fjern kom det inn pengegåver til dei brannlidne. Mellom anna vart det sett i verk ei stor innsamling i Bergen. Dette gjorde at særleg husbygginga let seg realisere mykje snøggare enn det elles ville ha vore råd.

Etter nokre år var bygda bygd opp att. No vart husa bygd på kvar sin gard.

(Peik på bildet for å flytte til høgre el. venstre)