Framgang

Fram mot hundreårsskiftet voks folketalet i Refvik til 209, dvs. nærmare ei dobling i høve til folketalet i 1872. Barneflokkane var jamt over store, og få flytte bort. Ingen andre bygder i kommunen hadde ein slik vekst i denne perioden - sjølv ikkje tettstaden Måløy. Den sterke veksten hadde fleire årsaker. Ein viktig faktor var at Refvik fekk vegsamband: fyrst til Raudeberg i 1877, så til Kvalheim i 1880, og til sist til Vedvik i 1902. Dette letta avsetninga både av fisk og jordbruksprodukt. Mellom anna vart laksefisket drive meir intensivt enn før. Frå 1890-åra tok Andreas Berg på Raudeberg, og etter kvart andre, til å eksportere isa laks til utlandet. Dermed fekk laksefisket ein ekstra stimulans.

Av folketeljinga i 1900 går det fram at så å seie alle vaksne menn i Refvik dreiv fiske. Plasseringa ut mot det fiskerike Stadhavet gjorde at bygda låg lageleg til for fiske. I alle fall så lenge ein dreiv på gamlemåten med opne ro- og seglbåtar, utan større krav til hamneforholda. Når Refvik hadde ein slik vekst i tiåra før hundreårsskiftet, er det likevel mykje som tyder på at dette i minst like stor grad hadde med jordbruket å gjere. Fyrst etter utskiftinga i 1872-1873 fekk brukarane utnytte bygda sitt jordbrukspotensial fullt ut. Fleire nye bruk kom til, særleg i det nordvestleg området ute ved nausta, og i det nordaustlege området mot Vedvik. I høve til det brattlendte terrenget og den steinete jorda i mange av nabobygdene var jordbruket i Refvik lettdrive. Mekaniseringa kom med slåmaskina og andre reiskapar var og lettare å bruke i denne "flatbygda" ut mot havet.
Brannen i 1872 kom såleis til å påskunde ei omlegging av jordbruket som førte til stor vekst. Sidan heller ingen menneskeliv gjekk tapt, er det lett å seie at brannen ikkje vart den tragedien "dei gråtande menneska i brannruinane" frykta i desse augustdagane i 1872. 



Laksefisket var godt.


Fisken vart teken imot av Andreas Berg.
Der vart han isa før han vart sendt vidare


Gode fiskefangstar gjorde
utsiktene for framtida noko lysare.