Om klyngetun

Om vi ser på den spreiddbygde busetnaden i Refvik i dag, verkar det rart at så å seie heile bygda kunne brenne ned på ein gong. I vår tid ligg husa på kvart bruk nokså langt frå kvarandre. Men fram til 1800-talet var landskapsbiletet eit anna. Etter kvart som gardane hadde blitt delte i fleire bruk, flytte likevel ikkje folk ut av det gamle tunet. I staden bygde dei nye hus tett inntil dei gamle. På gardar med mykje bruksdeling, som i Refvik, fekk ein med dette våningshus, løer, fjøs, eldhus og andre typar hus samla i ei stor klyngje. Slike klyngjetun finst framleis somme stader (t.d. Havråtunet på Osterøy). Dei kan godt samanliknast med dei små landsbyane som det er så mange av nedover i Mellom-Europa.

Av det kartet som vart laga over innmarka i Refvik etter brannen, kan vi sjå kor tunet låg. For dei lokalkjende kan det opplysast at området strekte seg frå husa til ”Sandel-folket”, inn mot ”Bortnane”, forbi vegkrysset og inn til tomta der skulen låg tidlegare. Tunskipnaden hadde elles nær samanheng med det gamle jordfellesskapet. På denne tida var all utmarka felleseige, medan innmarka var delt i større og mindre teigar. Kvar brukar hadde med andre ord ikkje eitt samanhengjande stykke, men mange teigar som kunne liggje spreidd over heile garden. Det som låg bak dette, var den tanken at kvar brukar burde få del både i den gode og den dårlege jorda. I Refvik var dei minste teigane berre litt over 100 kvadratmeter. Dei minste teigane vart helst brukte til åker, men det fanst og grasteigar som var så smale at ein knapt nok kunne dra ut skåra med langorven.
 Eit slikt gardssamfunn med tun- og jordfellesskap førte sjølvsagt folket nært i hop og gjorde dei avhengige av kvarandre. Mykje arbeid måtte samordnast og utførast i fellesskap. Mellom anna var det naudsynt at brukarane tok til med slåtten på same tid, for å hindre at graset vart nedtrakka. Ulempene kom klart til syne då moderniseringa av jordbruket skaut fart i andre del av 1800-talet. Til dømes var det vanskeleg å bruke slåmaskiner og andre moderne reiskapar på dei mange småteigane. I 1857 kom det difor ei lov om utskifting som vart ein viktig reiskap til å samle jorda meir. Etter denne lova skulle det gamle jordfellesskapet oppløysast dersom ein eller fleire av brukarane kravde det. Etter ei slik utskifting skulle husa flyttast ut frå fellestunet til kvar brukar sin grunn innan ei viss tid.
Etter brannen i Refvik i 1872 kravde alle brukarane utskifting. Kartet over innmarka syner at ikkje alle brukarane fekk eitt samanhengjande stykke etter utskiftinga - somme hadde to stykke, eit par jamvel tre. Jamført med den tidlegare teigblandinga hadde det likevel skjedd store endringar. Samstundes var det store klyngjetunet midt i bygda no borte. Husa som vart bygde opp att etter brannen, stod alle på den enkelte brukaren sin grunn. Det var og med på å gje bygda ein ny karakter, meir likt det Refvik vi kjenner i dag.
 
Forstørr

Forstørr