Nok ein brann

Etter at brukarane flytte ut frå det store klyngjetunet, var risikoen for ein slik storbrann borte. På kvart av dei enkelte bruka kunne det likevel brenne. Og det var nettopp det som skjedde på bruk 22 (i dag i Henning Refvik si eige). 
Ei natt i mars 1914 tok det fyr i ei torvkasse som stod på kjøkkenet. I denne tida fyrte dei nesten berre med torv, og truleg hadde ei glo frå omnen kome opp i torvkassa før folket la seg om kvelden. Brannen spreidde seg snøgt frå våningshuset til løa og fjøsen. 
Mennene var borte på fiske, men dei heimeverande, to kvinner og ei jente på 14 år, berga seg alle ut. Dei klarte å få ut husdyra.  Berre ein hund sprang inn att i flammane. Alle husa brann heilt ned til grunnen. Men det tok ikkje lang tid før det kom opp nye hus. 
Med dei gode tidene under fyrste verdskrigen, særleg i fisket, fanst det pengar å byggje for. Som i 1872 må vi kunne seie at det enda godt for dei som ei mørk vinternatt opplevde at hus og heim vart lagt i oske.
 

 Isakstova


Dette var det største bruket i Refvik etter utskiftinga. I 1875 hadde bruket ein hest, eitt føl, seks kyr, tre ungdyr, ni sauer og ei geit. I tillegg vart det avla om lag 30 tynner poteter, 10-12 tynner havre og 3-4 tynner bygg. Det dyrka arealet utgjorde litt over 45 mål, av dette ca. 15 mål åker.


Isakstova etter at ho vart reist på nytt.