Spådomen

Straks etter nyttår 1858 forliste ein engelsk skonnert i Refvik. Den var lasta med kveite. Skipet fekk los frå Kråkeneset. Skonnerten vart segla inn til Refvik om kvelden og ankra opp utfor nausta. Ein av hjelpelosane som var med, var usamd i dette. Han ville dei skulle ankra i Televika. Tanken var visstnok å føre skipet til Selje dagen etter. Segla var stygt skadde. Om natta slo veret om til nordvest og dreiv skipet fram i fjøra, og der brotna det. Dagen etter låg det kveitekorn over heile fjøra. Kapteinen åtte sjølv lasta, 1200 tønner kveite frå Danzig som skulle seljast i England.  Folket i Refvik berga mykje av kveiten og tørka kornet i løer og på loft. Chr. Berg på Vågsberget kjøpte dei 3-400 tønnene som var berga. Det vart fortalt lenge etterpå, at kapteinen var misnøgd med losinga og det som han fekk att av lasta. Han vart ein fattig mann på denne hendinga, sa han, og spådde ei ulukke over Refvik. Spådomen slo til då Refvik-bygda brann 15 år seinare.
So seier soga.


Skonnerten ankra opp utanfor nausta

Når eit skip forliste, var alle ute for å finne noko dei kunne bruke frå skipet. Alt tømmeret frå den engelske skonnerten vart nok teke på land. Noko vart lagra og anna vart brukt på hus og låve.

John Bakke (1920-2012) fortel:

"Den 7.september 1913 var bryllaupsdatoen til foreldra mine Johan Andreas Peder Nilsen Telvik (1886-1976) og Pernille Bertine Steffensdatter Refvik (1884-1964) . Ho kom frå "Høgebakken", bruk nr 18 i Refvik.
Før bryllaupet skulle låven på Bakken utvidast/ombyggjast. Material til bygginga var ikkje enkelt å få tak i. Men far til brura, Steffen Olai Johansen, hadde løysing på problemet.
Då ein engelsk skonnert forliste i Refvik i 1858 vart alt vrakgods teke vare på. Steffen (kalla Steffå) var eigar av fleire bjelkar frå skipet. No kom dei verkeleg til nytte! Den nye fjøslemmen vart visst ein fin overnattingsplass også".


Gamlelada på Bakken


Bjelkane som no er ca. 150 år gamle er nesten like gode.

I 2013 vart "gamlelada" på Bakken riven.
Grendalaget i Refvik fekk då ta over desse bjelkane.

Det er no over 150 år etter skipsforliset.
Kva skipsbjelkane skal brukast til, vil tida vise.

Gamlelada vart riven i 2013.