Storbrannen i Refvik i 1872

Den 22. august 1872 var ein fin sommardag i kystbygdene ut mot Stadhavet. Folk var ferdige med slåtten, medan kornåkrane tok til å gulne mot hausten. I Refvik drog mennene tidleg på sjøen denne dagen. Fiske og jordbruk gjekk hand i hand her i kystbygdene. På mange måtar var det jordbruket som la grunnlaget for levemåten. Men det var fisket som skaffa klingande mynt, og som oftast vart drive med størst iver og interesse. Ja, når sant skal seiast, var garn og line langt kjærare reiskapar for fiskarbøndene enn ljå og spade. Vi kan derfor rekne med at refvikarane som rodde ut frå nauststøene denne augustmorgonen, var lette til sinns. Dette var tida for sommarsildefisket, og kanskje skulle dei ut for å dra sildegarn. Eller kanskje var makrellen komen.
 
Men 22. august 1872 vart ingen lukkeleg dag for folket i Refvik. Nokre timar etter at mennene drog ut, braut det ut ein storbrann som snart la heile bygda i oske. Kvinnene var ute på åkrane og skar bygg. Nokre gutar hadde leika med fyrstikker på ein av låvane. Det tørre høyet tok fyr. I staden for å sløkkje brannen, stakk gutane av og gøymde seg. Dei gamle tømmerhusa var inntørka av sommarheten. At løene var fulle av tørrhøy, gjorde det endå verre. Berre eitt hus klarte ein å "nedrive og bortføre" før flammane tok det, sameleis tre små løer. Elles gjekk heile høyavlinga tapt. Kornet, som enno ikkje var hausta, brann og delvis ned.
Mennene som låg ute på havet og fiska, såg at husa deira brann. Sjølv om dei rodde alt dei kunne for å koma til land for å hjelpe til, kom dei for seint til å gjera noko. 
I alt 86 hus strauk med. 14 gardbrukarar og 4 plassmenn mista husa sine. Etter nokre timar var over 100 mennesker ribba for alt dei eigde.
Rykta om brannen spreidde seg - ikkje berre lokalt, men over store delar av landet.