Tidlegare samferdsel i Vågsøy


For eit par hundre år sidan var ikkje samferdsla like viktig som i dag. Handelen var liten og på kvar gard og i kvar ei bygd var dei vane med å greie seg sjølv i eitt og alt.

Felles kyrkje:
Det viktigaste knutepunktet og samlingsstaden var kyrkja. 
I 1580 vart det bygd ei ny kyrkje på Kapellneset. Dette var den første kyrkja i Vågsøy. Seinare vart det bygd ny kyrkje på Røysa (1854).

Det var ingen vegar å bruke, og derfor var båten det viktigaste framkomstmiddelet. Dei kom nordafrå Silda, Halsør, Refvik og Kråkenes når veret var fint. Frå sør kom dei frå Oppedal, Vågsvåg, Måløy og frå øyane sørafor. For å kome til kyrkja på Kapellneset, måtte dei gå over fjellet eller bruke båt. Vegar var det lite av. Ikkje mange såg føre seg at ein kunne byggje veg mellom Raudeberg og Måløy. I staden kom vegar mellom bygdene på Nord-Vågsøy først.



Kapellneset

Kyrkjevegar