Båttransport som alternativ.

Raudeberg fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1882 med kjøpmann Mons Aase som ekspeditør. Frå mellomkrigstida fekk Raudeberg berre anløp av lokale rutebåtar og av lasteskip i kystrute. Etter krigen og fram til ca. 1970 var det mangel på bilar og særleg lastebilar og bussar. Skipsruter var derfor viktig for varetransporten. I desse åra dreiv Fylkesbåtane i S. & Fj. og privat drivne transportskip varetransport til Raudeberg. Nokre av desse var M/S Måløy og D/S Atløy frå Fylkesbåtane. Dei gjekk i faste ruter i Ytre Nordfjord der dei frakta varer, dyr og passasjerar.  M/S Blaahav og M/S Thorvald Eriksen (privat rederi) frakta varer frå Bergen. Etter kvart vart passasjer- og godstransport erstatta av lastebilar og bussar. Fleire verksemder voks og folketalet auka. Snart hadde alle husstandar privatbil. 
Trafikken på den smale vegen auka kraftig og difor vart det stadig oftare ytra ynskje om ein betre veg. 
Dei tradisjonsrike båtrutene vart lagt ned.

  
M/S Blaahav



 
 Dyr måtte heisast ombord

 


D/S Atløy
- og M/S Måløy gjekk i mange år i rutetrafikk i Ytre Nordfjord.