Etter krigen.

Etterkrigsåra er som vi veit prega av sterk trafikkauke, og ein veg som på ingen måte var tilpassa trafikkmengda, ein veg som var for smal, med for dårlege kantar, stygge grøfter – og ikkje minst rasutsett.
Men etter som tida gjekk vart det naudsynt å utvida for stadig større køyrety og aukande trafikk. Det drog ut med dei vanskelege partia forbi Gottebergshammaren og nordover. Her vart det for smalt, svingete og lite oversiktleg fleire stader, og i tillegg svært rasfarleg ved Skåra.
 
Biltrafikken auka og snart kom kravet om betre og sikrare veg. Ofte gjekk det steinras ned dei bratte fjellsidene og mange følte seg utrygge på vegen.
På nokre år var det seks menneske som mista livet her – i Barstadvika, på Skårstrand, på Skåra og nord om Gotteberghammaren. Dette førte til at arbeidet med å utbetre vegen vart intensivert.



Det var trangt ved Skåra


Henrik Myhre køyrde rutebil mellom Nord-Vågsøy og Måløy med denne kombinerte passasjer og varebilen i mange år.
Reinhart Solstad kjøyrde bussruta Vedvik-Halsør- Raudeberg-Måløy.