Under Krigen


Det tyske hovudkvarteret vart lagt til Måløy. På Raudeberg, Halsør og på Kråkenes var det viktige posisjonar for okkupantmakta. Derfor var vegen ei viktig trafikkåre for dei. Frå Måløy og heilt til Halsør hadde dei kontroll over skipstrafikken gjennom Ulvesundet. 
Under måløyraidet var det harde kampar i Måløy og lengre nord i Ulvesundet. 
Wilhelm Barmen kunne fortelje dette frå turen han tok til Måløy 3. juledag 1941:
"Reinhart Solstad hadde teke ut på si vanlege bussrute til Måløy. Då bussen var komen sørom Skåra, var det såpass heftig at Reinhart og passasjerane fann det klokast å ta tilflukt oppe i urene sør om Skåra, og let bussen stå. Der vart dei sitjande i fleire timar til det verste var over. Etterpå fann dei merke etter kuler på bussen."


 

Måløyraidet