Ny veg  (Raudeberg-Måløy)


I 1917 byrja dei å byggja vegen vidare mellom
Skramsbygda (Måløy) og Raudeberg.
Landet langs Ulvesundet mellom Måløy og Raudeberg er bratt mange stadar, og då særleg ved Skårahammaren.

I dei tider bygde dei veg med kommunale midlar og naudsmidlar. I dei vanskelege åra etter 1. verdskrigen vart det brukt slike midlar til å byggje vegen mellom Gottebergshammaren og Kapellneset.
Arbeidet blei avslutta i 1924 då dei hadde bygd ferdig det farlege partiet forbi Skårahammaren. I denne tida dreiv dei med hakke, spade, feisel og bor, så det gjekk ikkje fort å byggja veg den gongen.

Fjordabladet:
”Jau, hendinga var at vegstykket Sør-Vågsøy – Nord-Vågsøy vart på laurdag den 1. mars såpass farbart at ein kunne køyra Skåra med slede. Det var vegarbeidar Kornelius Revik med hesten hans ”Fyr-Kristian” ute i Revikja som var fyrstemann. Dette var ei heil storhending, og gjetord om mannen og hesten og køyregreiene gjekk som ei bodstikke frå mann til mann, frå huslyd til huslyd heile Vågsøyna over, mogeleg til storbyane og pressa med”, skreiv meldaren.

 


Kornelius Revik var den første
som køyrde vegen.

 
 
 
 

Skårahammaren var vanskeleg å forsere Også den gongen greidde pressa å laga dramatikk og kiv av dette:

"At det var nordvågsøy-væringane som skulle vera fyrstemannen, arga mykje sørvågsøyværingane - dei som har hestar då -. Og det var dei som tvila på om det hang rett saman. Men dei trong visst ikkje vera i tvil, for både vegoppsynsmannen hr. Kobberstad og Kr. J. Sunde kunne gje vitnemål om at både mannen og hesten høyrde heime på Nord Vågsøy, for dei var med eit stykke på vegen nordover.
Då den første køyredoningen var berre ein vanleg steinslede, ville dei sør på øyna prøva med ein annan og breiare slede. Og gardbrukar Lars Abrahamson Gotteberg drog så dagen etter den same vegen med ein annan type slede. Han bruka ein vanleg møkaslede, han. Lars Abrahamson let seg ikkje nøya med å køyra berre tome sleden han; nei, då, han tok med seg attende frå Raudeberg ein sekk mjøl på 100 kg." (Fjordabladet)