Vegen vert teken i bruk

Fjordenes Tidende, skreiv i juni same året at den nyopna vegen hadde skapt auka trafikk i Skramsbygda. Det var dagleg innrykk av køyrande frå Nord-Vågsøy. Kvalheimarane kom med mjølk, hummar og hyse. Refvikarane kom i ”karavane" med laks. "Såleis mottok Ulf Lem for eit par dager siden 3 hestelass laks fra Refvik. Verdien skulle vere over 2000 kr”
Og ved sida av hestetrafikken kom det i gang bilrutekøyring sommaren 1924. Kommunestyret i Sør-Vågsøy gav nemleg i mai det året ”Måløy Auto CO” løyve til å køyre bil på Vågsøy. Og som det stod i Fjordenes Tidende: ”Den nye auto går mellom Måløy og Raudeberg, med rett til å kjøre rundt Nord-Vågsøy - en vakker og storartet tur en godversdag - er ennu ikke anbefalt i Nord-Vågsøy. Saken blev der utsatt.” 

Men det gjekk enno fleire år før hestane blei erstatta av privatbilar, for ein måtte ha spesielt løyve for å køyre, men i 1929 gjorde altså Sør-Vågsøy heradsstyre vedtak om å opne for frikøyring med bil på heile Vågsøya. Maksimumsfarta innanfor bygningskommunens grenser (dvs Måløy) skulle vere 15 km pr time.



Refvikarane kom i ”karavane" med laks skreiv Fjorabladet