Vegar i Vågsøy

Sæternes i Skramsbygda (seinare tettstaden Måløy) var sentrum i Sør Vågsøy, Raudeberg var sentrum i Nord Vågsøy. 
På denne tida var det 24 km bygdeveg i Nord-Vågsøy. Desse bygdevegane gjekk frå Raudeberg til Kvalheim og Nord-Vågsøy rundt. Halvparten av desse 24 kilometrane var 2,25 brei, og resten 2,5 brei. Det var bare 3,5 km bygdeveg i Sør-Vågsøy.
Langs stranda frå Sæterneset til Gottebergshammaren var det berre ein kjerreveg. Den vart opna i 1902. 
Reguleringsplan fanst ikkje, så den snodde seg mellom hus og sjøbuer som allereie stod der. Denne vart opprusta og vart ferdig i 1916. Heilt fram til 1960-talet var den mange stadar så smal at det var vanskeleg å køyra for buss og lastebil. Vegen fekk seinare namnet Gate 1.


 Raudeberg sentrum - 1931




Grusveg på Halsør


 

 Vinden tok kvalheimsbussen