Skulen i gamle dagar


Skuleskipnaden (skolefundasen) 1743
Med "Forordning om Skolerne paa landet i Norge" i 1739 og "Placat og nærmere Anordning abgaaende Skolerne paa landet i Norge" i 1741 vart tvungen grunnskule for alle born innført.

Skulelova av 1860
Denne lova slo fast at kommunen skulle delast i krinsar med fast skulestad på ein sentral stad i kvar krins. Fleire stader hadde ikkje skulehus og omgangsskulen heldt fram. Men kravet vart då at skulen skulle haldast i eit eige rom på garden. Det var skuleplikt for alle born mellom 8 og 13 år.

I Nord-Vågsøy
Skulen har gått som omgangsskule i tur og orden frå bygd til bygd, eller som det heitte frå rode til rode, og vore halden i dei største stovene. For kvar rode er oppført barnetal og alder som har vore frå 7 til 16 år. 
Skulefaga er også nemnde. Det var staving, reinlesing, Katekisme, forklaring og bibelhistorie. For dei eldste også skriving, rekning ("de fire specier"), geografi og songøving.
Læraren dreiv opplæring i katekisma kvar sundag i dei same stovene som skulen heldt til.
Utan om skulefaga er det også gjeve karakterar for dugleik og anlegg, for flid, orden og "sædeleg forhold." Karakterane var frå 1 til 6.

Ein merkar seg overgangen i skrift frå gotisk til latinske (romerske) bokstavar. I inventarlista er også ført opp staveplansje med latinske bokstavar til bruk i skulen. Læraren sluttar etterkvart å bruke gotisk skrift i dei merknader han skriv i protokollen.



Læraren Ole Nilsson Kvalheim brukte denne kista  då Halsør og Raudeberg hadde omgangsskule på 1800-talet.  Han slutta som lærar då det fyste skulehuset vart bygd på Røysa.
I denne kista fann ein det mest naudsynte ein trong,  t.d. skrivetavler, blekkhus, pennar, kritt, osb.
Benk for ein elev Benk for 2 elevar Kjemisett - som viser kor mykje fett det var i matvarer
Eit gamalt kjemisett

Så lenge det var omgangsskule, sat borna ved langbord på fortet, d.v.s. trebenker utan ryggstø. Etter kvart som dei fekk skulehus, vart det bord med skråplater, og seinare doble pultar. Veggtavla kom og i bruk på same tid.

Skulen skulle gje kristendomskunnskap fyrst og framst. Bibelsoge, forklaring og salmebok var dei bøker som mest trongst. Forutan vanleg leseøving gav denne boka nyttig kunnskap frå ulike felt: Naturkunne, geografi og historie.  «Visuelle» hjelpemiddel kom tidlegare enn ein skulle tru. Frå 1870 fanst det bibelske bilete.
Frå 1880 jamvel Zoneplansjar som synte dyre- og planteliv på ulike breiddegrader. Kart var der og litt av på den tid. Fyrste leseopplæringa gjekk etter leseplansjar.

Skrivetavle for elevane

Blekkhus

For skrive- og rekneopplæringa hadde kvart barn si skifertavle og griffel. Læraren skreiv føre på veggtavla eller hengde opp forskriftplansjar.
Når det gjeld skriving og tyding av skrift hadde dei ein vanske meir enn vi, med den gotiske skrifta.
Seinare kom der skikkelege skrivebøker. Då brukte dei ein penneholdar med pennesplitt. På pulten var det laga hol for eit blekkhus. 

Songopplæringa rekna den gamle skulen for viktig, og i desse bygdene har folk vore songglade. Landstad salmebok vart innførd i 1873. Omlag alle hus i Refvik brann året før. No fekk kvar huslyd ei salmebok gratis. Hans Kvalheim tok som ei kjær plikt å læra folket nye salmar og nye tonar både i skulen og elles. 

Salmodikon
Salmodikon var eit billeg instrument som jamvel desse fattige skulestovene hadde til hjelp.


Går vi til tida før 1850 var det ikkje stor utdaninga ein lærar hadde. Ein av flinkaste konfirmantane vart gjerne utvald og fekk litt meir førebuing for læraryrket av presten.

Dei trongaste åra i mellomkrigstida var det ikkje så beintfram å vera kommune, men nokon «kulturpause» vart det no ikkje, for lærarane gjorde si plikt og litt til, enda om ikkje løna kom på fastsett dato over postgiro. I siste krigstida spøkte det av og til på fleire måtar. I båe skulehusa hadde tyske soldatar kvarter vegg i vegg med dei som heldt skule. Men det lukkast å halda skulen gåande, bortsett frå «brenselferien» som Orvar Sæter og co. ordna til i mars-april 1942.
Skuletida for borna var ikkje lang for 100 år sidan og lenge frametter. Skulen heldt dei da i ”turar” så den same læraren gjekk att i fleire bygder.

Etter 1952 har det vore friviljug engelskopplæring for dei to siste årsklassane 

Alle born vart tuberkulosegranska ein gong om året.
I 1937 vart vedteke fri tannrøkt, men det kom ikkje i gang før i 1942, men likevel berre for l. klassingane. For alle skuleborna vart dette innført frå 1949.