Halsør skule


Frå 1865 til 1874 var Raudberg og Halsøyr slege saman til ein krins, men likevel vart det vinterstid halde skule i begge krinsar p.g.a. lang og vanskeleg veg og dårlege vêrtilhøve.

I 1874 er Halsøyr oppført som eigen krins att, men elles samarbeider desse to krinsane frametter åra under same lærar, dels samla, dels delt. 
I den tida var skulen halde på omgang i dei største stovene i bygda. Som skulestad i Halsør er oftast nemnt Hoveset og Halsør.
Barnetalet ved hundreårsskiftet var 26 born i storeskulen og 15 i småskulen.

Halsør skule I 1917 fekk Halsør sitt eige skulehus med lærarbustad og lærarjord. Dermed vart Halsøyr sjølvstendig krins. 
I 1938 gjekk Halsør saman med Raudeberg att på vilkår av fri skyss til og frå skulen både for born og lærar.
Sidan 1938 har Halsør og Raudeberg vore ein skulekrins.

Dei som bur i Halsør-bygda har teke over skulehuset. Dette har dei renovert og gjort området rundt meir brukarvenleg. Ungdomslaget Demring har teke seg av det meste av det som er gjort med den gamle skulen.

 
Kart over Halsør:
Biltur gjennom Halsør
Meir om Halsør (ViVest)