Raudeberg skule


Fyrste gong Raudeberg skule er nemnd i gamle skrifter er i 1862 - Røysen skule - og i 1864 - Rødberg skule. Før den tid gjekk elevane på omgangsskule. I skulen var det 11 born.
Skulehuset på Røysa vart bygt i 1865, og stod straks sør for Røysaelva ovanfor vegen. Huset skulle brukast både til skulebruk og klokkarbustad. 
Skuleåret var litt kortare enn no. I 1901 gjekk dei til dømes 24 veker på skulen. Same året gjekk det 26 born i storeskulen og 15 i småskulen.


Skulen på Røysa

 
I skulehuset på Røysa var det bygd lærarbustad ved sida av skulestova. Inngangen var sams til skule og lærarbustad. I lærarbustaden var det eit lite kjøken med grue i den fyrste tida, og ei stove. Frå kjøkenet gjekk det ei tropp opp til eit ope loft. Det var ein liten, trong og dårleg bustad sjølv etter standarden for den tida.
   Nøkkelen til skulehuset på Røysa

Frå 1865 til 1874 var Raudberg og Halsøyr slege saman til ein krins, men likevel vart det vinterstid halde skule i begge krinsar p.g.a. lang og vanskeleg veg og dårlege vêrtilhøve.

"Gamleskulen" vart bygd i 1925 og reven i 2002 I 1925 vart nytt skulehus bygt på Raudeberg. Den gong var dette eit stort bygg med 2 skulerom, lærarbustadar (og lærarinnebustad) og med ein romsleg kjellar som vart nytta til sløydrom. Den vart mest nytta som møtelokale gjennom mest ein generasjon. Det var så å seie også det einaste bygda rådde over til samfunnshuset kom i 1955.

I 1930-åra vart skulen 3-delt og fleire lærarar kom til i krinsen. I 1938 kom det 4-deling, men etter krigen gjekk Raudeberg skule ned til 3-delt att frå 1945-51. Så aukar barnetalet fort og skulen er i 1956 6-delt, i 1958 7-delt og seinare også med parallellklasser.
I 1959-60 vart det innført obligatorisk framhaldsskule for kommunen med skulestad på Raudeberg.

Etter krigsåra var Raudeberg i sterk framvokster. Der var godt om arbeid. Mange flytte til, bygde seg heimar og barnetalet vaks. Skulen vart for liten og eit nybygg vart reist i 1959. Det vart ein god del større enn det gamle huset og hadde 3 klasserom, skulekjøken, gymnastikksal med stor scene og sidefløy med leskur og ytre rom. 
Sidefløyen

I 1995 vart det bygd på ein sidefløy med 4 klasserom , bibliotek og garderobar. Samstundes vart heile skulen pussa opp. Personalavdelinga vart flytta til øvste etasje og gymsalen i kjellaren vart gjort om til formingsrom og skulekjøken. 

Slik skulen ser ut i dag.
I 2002 vart "gamleskulen" frå 1925 riven, og i 2003 stod eit nytt skulebygg med ein etterlengta gymsal og fleire klasserom ferdig. 


Kart over Raudeberg 
Biltur gjennom Raudeberg 
Meir om Raudeberg (vivest.no)