Refvik og Vedvik skule

 
I den tida Nord-Vågsøy kommune var i lag med Selje, var Vedvik eige skuledistrikt. Under Vedvik skuledistrikt høyrde den gongen Ytre og indre Drage, Fure, Østmyr, Silda, Hjertenes, Ura, Tvindeseter og Hagevik
I 1860 er siste gong Vedvik skoledistrikt er nemnt.
Før 1881 var skulen for Refvik og Vedvik halden i vanlege store stover. I Vedvik veit vi om at skulen har vore i Kviane, i Steinane, i Steinagarden og på Mosolane.
I Refvik nytta dei stova hans Nilse-Didrik fram til 1879, og så var skulen ei kortare tid på Bakkane i stova hans Pål-Mons.
I 1881 vart Vedvik og Refvik slege saman til sams skule. Då var nemleg fyrste skulehuset for bygdene her ferdig. Det stod i Kjerringdalen. Det vart vigsla sundag septuagesima 1881. For folk den gongen var det stort framsteg. Sett med våre augo var det heile heller uvandt. Klasserommet var ei sperrestove med to betar der ungane av og til laga god gymnastikk sjølve med å heva seg etter hendene, helst når ingen streng lærar var i sikte. I søre enden var ein gang og eit lærarrom. I gangen var ei grue i ei krå, og eit lite spiskammers. Dette lærarrommet med gangen gjorde teneste som husvære for lærar med kone og born i mange år. 
Bygdene var utan veg heilt fram til 1901. Frå Vedvik kom borna over Heiane, over Kleiva eller gjennom fjøra, når ikkje stor flo og havbåre forbaud det. Frå Refvik var lendet bra, men elva var vanskeleg for somme. Og når storm og regn sette inn, hadde nokon kvar nok med å baska seg på skulen og heim att.
I 21 år gjorde dette huset teneste, men så vart det naudsynt med to klasserom. Nytt hus måtte byggjast, og det kom i Geilane 1902. Heller ikkje her var kjellar. Grunnmuren var heller lite for seg gjord. Det ville ha kosta nokre få kroner meir med skikkeleg kjellarmur, men pengane var dyre i dei dagar. Huset hadde to bra klasserom med gang og kammers i mellom. Utanom skulen gjorde huset teneste for møte og festar. Ungdomslaget gjorde i mange år verdfullt kulturarbeid på kristen grunn. Laget sitt songkor var i si tid eitt av dei beste i fjorden. Mang ein gild juletrefest var der, mang ei krone vart gjeve til misjon og andre gode føremål.
 

 
Refvik krins var fram til 1922 i hop med Vedvik krins. Då fekk dei skulehus i Refvik og vart eigen krins.
Refvik skule vart lagt ned våren 1964 og sidan har elevane gått på Raudeberg skule.

Skulehuset vart rive 17. juni 1994 etter at ein storm hadde gjort større skader.



Skulehuset i Geilane var i bruk frå 1902 og fram til 1957.
Skulen låg i utkanten av Vedvik-bygda, og bygdefolket ville gjerne ha ein meir tidsmessig skule meir sentralt i bygda. Men fyrst i 1957 vart det bygd nytt skulehus for Vedvik på meir sentral stad. Skulen var då 3-delt og huset fekk to klasserom. I kjellarhøgda var gymnastikksal, kjøken og dusjbad.


Vedvik skule - 2005

Frå 1965-66 vart Refvik og Vedvik krins slått saman med Raudeberg. I nokre år vart skulen i Vedvik nytta til tekstilfabrikk. 
Men talet på born i bygda auka såpass mykje at Vedvik på nytt vart eigen skulekrins i 1974/75. Elevane frå Refvik fortsette likevel på Raudeberg skule.

I 2002 vart Vedvik skule lagd ned og elevane overførde til barneskulen på Raudeberg. Bygdelaget i Vedvik har etter dette overteke skulehuset.
Refvik skule vart brukt av folket i bygda til møte eller festar. Seinare vart den riven - i 1994 - etter at ein storm hadde gjort større skader.

Kart over Refvik 
Biltur gjennom Refvik 
Meir om Refvik (ViVest)