Om desse sidene

Sidan 1950-talet har det vore teke klassebilete av elevane som gjekk på dei fem skulane i Nord-Vågsøy
 - på Raudeberg tilbake til ca 1908 og Vedvik 1915.
Dei fleste bileta har vore lagra på skulane. Nokre har hengt oppe i glas og ramme, 
medan andre har vorte plassert i skuffer og skap.

Tidlegare elevar tek ofte kontakt med skulen for å få låne desse klassebiletene.
Mange har etterkvart gløymd namnet på dei som dei gjekk i klasse med.
Vi har no gjort desse bileta tilgjengeleg på denne måten, og vi håpar folk vil finne dette interessant.

Dei som treng bilde frå då dei sjølve gjekk på skulen eller namn på dei andre dei gjekk i klasse med, 
kan få desse ved å kontakte Roald Refvik.  (roald.refvik@gmail.com)
Dette gjeld berre dei som har gått på skulane i Nord-Vågsøy.

Ein gong i tida var det i alt 6 skular på Nord-Vågsøy.
Elevane frå desse bygdene går no på Raudeberg skule. 
 
Raudeberg skule manglar klassebilete frå desse årgangane (fødselsår): 
• 1972 - manglar bilete (Det vart truleg ikkje teke bilde av denne klassa)
"Bilde-tips" kan du sende til  Roald Refvik.  (roald.refvik@gmail.com)
Bileta frå Raudeberg skule er sortert etter elevane sitt fødselsår.
 
Halsør skule stod ferdig i 1917.
Der var ein lærarbustad og eit jordstykke som læraren disponerte.
I 1938 vart skulen lagt ned og elevane har sidan gått på Raudeberg skule.
 
Vedvik skule held til i Geilane frå 1902 og fram til 1957. Då fekk bygda ny skule.
Skulen vart lagt ned i 2002 og elevane går no på Raudeberg skule.
Frå Vedvik har Aud Bakke hjelpt oss med å samle inn bilete.
Mange av klassebileta finn ein ikkje på skulen lenger. 
Likevel har ho funne mange gamle skulebilete i biletalbum heime hos folk i bygda. 
Desse har vi fått låne og no finn du dei her.
Bileta er sortert etter året biletet vart teke.
 
Refvik skule vart bygd i 1924. 
Før den tid gjekk elevane på skulen i Vedvik (Geilane).
Refvik skule vart lagt ned våren 1964 og sidan har elevane gått på Raudeberg skule.
Bileta har vi fått låne av folk i bygda (- frå deira private fotoalbum).
Bileta er sortert etter året biletet vart teke.
 
Kvalheim skule vart lagt ned i 2003 og elevane går no på Raudeberg skule.
Fram til 1911 var det omgangsskule. 1911 vart det første skulehuset bygd.
Bileta er sortert etter året biletet vart teke.
 
Kråkenes skule vart lagt ned i 1994.
Det er ingen elevar frå Kråkenes i dag.
Bileta er sortert etter året biletet vart teke.


  Meir skulehistorie frå bygdene i Nord-Vågsøy  


Tips til
roald.refvik@gmail.com                    Raudeberg skule