Fotballen tek over på 1800-talet

I 1477 vedtok kong Edvard 4. at alle menn skulle lærast opp i bogeskyting, medan fotball vart strengt forbode. Dei som braut dette forbodet, vart truga både med bøter og fengselsstraff. Men interessa for spelet var så stor i denne perioden at desse forboda ikkje let seg gjennomføre. Mot slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet, då industrialiseringa sette inn for fullt, var likevel fotballen trengt tilbake. Den lange arbeidstida i industrien, ofte 12-14 timar, gjorde det vanskeleg for vanlege arbeidsfolk å få tid til å drive idrett. Blant anna i London døde fotballen nesten heilt ut, sameleis i dei store industribyane i Nord-England. 
Det som berga fotballen si framtid, var ei aukande interesse for spelet i dei fornemme privat kostskulane der dei rike sende borna sine. Fotball vart etter kvart eit populært innslag i undervisninga, men då på mindre baner med langt færre spelarar, etter kvart 11 mann. Jernbaneutbygginga i denne perioden gjorde det muleg å kome rundt i landet og spele kampar mot andre skular. Dette var òg med på å påskunde utviklinga i retning av fastare organisasjon og nasjonalt, gyldige reglar. 
   



  
Frå ein av dei fyrste landskampane
mellom England og Skottland (1875). 
 


Framleis var fotball i liten grad eit pasningsspel – alle spring etter ballen. Kostskulane la vekt på verdiar som mandighet, mot og sjølv-kontroll. Det sømte seg liksom ikkje for engelske gentlemen å fare fram som råtassar. Spelet vart difor mindre valdeleg enn før. Litt fint kan vi seie at det skjedde ei sivilisering av fotballspelet. Dei som heldt fram med å spele fotball etter skulegang og studiar, vart kalla ”Old Boys”. I 1857 vart den fyrste klubben utanfor privatskulane stifta, Sheffield Football Club, og i åra etter kom det stadig nye til.