Refvik

I alle bygdene var baneforholda eit stort problem. Ikkje ein gong etter at førsteslåtten var ferdig, fekk dei lov å bruke markane. I Refvik hadde dei Refviksanden. Den var alltid klar til bruk. Mange hadde berre tresko, men på sanden var det berre å sparke av seg desse. Staurar var godt nok til mål. Det var enkelt å merke opp bana med ein kjepp. 
På fleire gardar var ungeflokkane store. Ungdomane på Elvebakken og Nybakken kunne sjølve stille eit fotballag, men dei måtte ut på bygda for å finne ein målmann. 
Seinare fekk dei fleire gode spelarar frå Vedvik med på laget. I Vedvik hadde dei ikkje eige fotballag etter krigen, men avstanden til Refviksanden var kort. Dei kjende kvarandre godt sidan dei gjekk i lag på skulen og friminutta vart nok brukt til fotballsparking. 

Laget frå 1927  

Laget i Refvik vart etter kvart eit godt lag, men dei var ikkje godt organisert. Likevel vann dei mange av kampane dei spelte. Ja, til og med fotballaget frå Måløy frykta laget frå Refvik sidan dei tapte fleire gongar. Måløy-laget var på den tida det beste laget i kommunen og spelte i A-serien. Dei leigde lenge jorda til "Sareguten" (Ingebrikt Øysteinsen) sidan dei ikkje hadde bane sjølve. Slik var dei godt kjende på Refvik.
   
   Refviksanden var eit eldorado for 
   dei som var interessert i fotball

  Fotball på Refvik


Under krigen vart det også spelt kampar mot dei tyske soldatane. Mange av tyskarane var flinke fotballspelarar og det var ikkje lett å slå dei. Ein gong kom to brør på kampen og stod lenge og provoserte dei tyske spelarane frå sidelinja. Dei gjekk litt for langt, for til slutt trakk ein tyskar pistolen sin for å få slutt på mobbinga. Det heile enda likevel godt. 

På 50-talet vart fleire av spelarane med på laget frå Kvalheim. Nokre vart for "vaksne" til å drive med fotball og nokre flytta frå bygda. Dermed kunne dei ikkje stille med lag lenger. Seinare spelte dei som var interessert på andre lag. Tornado var no det einaste alternativet. 
 
 "Lensmannsjorda" vart seinare kjøpt av kommunen, og fotballbana som vart opparbeidd der vart den viktigaste bana i kommunen.