Til lokalhistorie

 

Start

Kyrkja på Silda 
Kyrkja på Kapellneset 
Innvendig 
Kyrkjeklokka 
Inntekter 
Kyrkjevegar
Bruken 
Bryllaup
Brudekroner
Kapellneset i dag 
Røysakyrkja 
Kyrkje på Halsør
Ny kyrkje (1960)
Kyrkjegardar
Gravminne

Kyrkja på Silda


Frå 1320 til 1580 var kyrkja på Silda. Denne kyrkja var samlingsstad for både Selje og Vågsøy. Den viktigaste måten å kome seg til kyrkje på, var med båt. Derfor var Silda ein høveleg plass å samlast på. Dessutan gjekk skipsleia forbi her og mange som ikkje høyrde til i nærområdet var innom kyrkja medan dei venta på godt nok ver til å segle rundt Stad. 
Kyrkja stod på Alfarneset. Sør for dette neset har det alltid vore ei god hamn.

Det er ikkje mykje ein veit om denne kyrkja anna at den var laga av rundtømmer. I 1530 var biskop Olav Engelbrektson på visitas. Han såg at kyrkja dårleg stand.

Det vart seinare bestemt at ei ny kyrkje skulle byggjast. Denne vart bygd på Kapellneset på Raudeberg i 1580.

Noko av tømmeret frå kyrkja på Silda skal ha vorte brukt på fjøsen på prestegarden i Selje.


Trykk for større kart

 



På staden der ein meiner at kyrkja stod vart det avduka eit minnesmerke i pinsehelga 1980.


Tekst på minneplata:

TIL MINNE OM

SELLØE CAPELL
(SILDA KAPELL)

1320 - 1580

SOM HER PÅ ALFARNESET STOD
REIST AV BYGDEFOLKET PÅ SILDA
PINSEN 1980



Silda