Til lokalhistorie

 


Velkommen til Raudeberg skulemuseum



Skulemuseet passar for både born og vaksne.
Du kan prøve pultar frå 1900 til 1965 og sjå mykje anna utstyr og bøker.
Prøv å skrive med splittpenn og blekk sjølv om det er vanskeleg.
Elevtavler blir brukt som skrivebøker.
Gamle mynter og frimerke er ukjendt for dei aller fleste.
Sjå uniformer som skulekorpset og Raudeberg hornmusikk tidlegare har brukt.



Vi tek imot skuleklasser, lag og organisasjonar for omvisning eller ein skuletime slik den var for 100 år sidan.
Eller kanskje de vil ha ein pause på museet under arrangement i Parken kulturhus.

Kontaktperson: Roald Refvik 
Epost: roald.refvik@gmail.com





Inngangen finn du rett ved sida av Maritim Park.

Litt historie:



 Arne Larsen og Nils Andal



Gamleskulen på Raudeberg



På 1900-talet var det heile 6 skular på Nord-Vågsøy - dvs. ein i kvar bygd.Halsør skule vart lagt ned i 1938 og seinare vart skulane i Kråkenes, Refvik, Vedvik og Kvalheim lagt ned ein etter ein. No er alle elevane samla på Raudeberg skule.I 1990-åra tok Arne Larsen og Nils Andal på seg å samla inn materiell som hadde vore brukt gjennom mange år på skulane i Vågsøy. Dei lagde ei utstilling i øvste etasjen på Raudeberg skule der tinga vart plassert. I 2004 vart "gamleskulen" (bygd i 1925) riven for å gje plass til eit nytt bygg med gymnastikksal. Museumsgjenstandane vart så lagra på loftet på skulebygget frå 1960. Der vart det liggjande.
I 2016 vart det bestemt at Vågsøy ungdomsskule skulle rivast og erstattast med ein ny. Mykje av utstyret og innventaret derifrå vart lagra midlertidig.
Samstundes var eit nytt kulturhus under bygging på Raudeberg. I april 2018 var eit eige rom i kulturhuset sett i stand til å huse skulemuseet. I juni var dette ferdig og museumssamlinga kunne plasserast der.