Grove brød
  Ingrediensar:  
Dette treng du:
1 pk gjær
4 dl vatn
2 ss matolje
½ ts salt
2 dl grov sammalt kveite
1.5 dl fin sammalt rug
Ca 5 dl kveitemjøl
Slik gjer du:
Varm 2 ss matolje og 
4 dl vatn i ei panne til 37ºC
Ha 1 pk gjær i ein bakebolle
Ha vatnet og matoljen i bakebollen
Rør til gjæra er løyst opp
Ha i ½ ts salt,
2 dl grov sammalt kveite og
1.5 dl fin sammalt rug
Ha i Ca 5 dl kveitemjøl
Bland til ei fin deig
Sett deiga til heving i ca 1 time
Rull deiga fast saman til eit brød
Legg brødet i ei brødform 
og la det heve i ca 30 minutt
Steik brødet midt i omnen 
på 200º C i 30-40 minutt