Halvfine horn
  Ingrediensar:  
Dette treng du:
25 g margarin
2½ dl mjølk
25 g gjær
1 ts sukker
½ ts salt
1 dl sammalt kveite
5 dl kveitemjøl
Slik gjer du:
Smelt 25 g margarin i ei panne
Ha i 2½ dl mjølk og varm opp til 37º C
Ha ½  pk gjær i ein bakebolle
Ha mjølkeblandinga i bakebollen. 
Rør til gjæra er løyst opp.
Ha i 1 dl sammalt kveite og
1 ts sukker + ½ ts salt
Ha i 5 dl kveitemjøl og
bland til ei fin deig
Sett deiga til heving i ca 30 min.

Del deiga i to. 
Kjevl ut to runde ”kaker”
Skjer kvar ”kake” i 8 ”kakestykke”
Rull kvar del fast saman og 
legg dei på ei plate med bakepapir
La dei heve på ein lun plass i 10 min.
Steik dei midt i omnen på 200º C 
i ca 15 minutt