Innebaka pølser
   Ingrediensar:  
Dette treng du:
2 ½ dl mjølk
½ pk gjær
1 ts salt
2 ss matolje
ca. 500 g kveitemjøl
6 pølser
Slik gjer du: 3 porsjoner
Varm 2½ dl mjølk til ca 37ºC i ei panne
Ha ½ pk gjær og 2 ss matolje i ein bakebolle
Rør til gjæra er løyst opp
Ha i ½ ts salt og
ca. 500 g kveitemjøl
Bland til ei fin deig
Sett deiga til heving i ca 30 min
Del deigen i mindre delar 
og kjevl ut eller kna emnet ut slik at den passar
Legg ei pølse på emnet 
Ha på ketchup, sennep eller anna fyll
Brett deigen rundt pølsa 
Bruk litt vatn som lim i skøyten 
og press den godt saman
Steik midt i omnen ved 200 º C til baksten har 
ein fin farge - ca. 10 min

Har du deig til overs, 
kan du lage rundstykke av resten av deiga