Kanelbollar
  Ingrediensar:  
Dette treng du:
4 dl mjølk
1 egg
120 g sukker
1 pk gjær
250 g margarin
800 g kveitemjøl
+ litt smelta smør, 
+ kanel og sukker
Slik gjer du:
Smelt 250 g margarin i ei panne
Ha i 4 dl mjølk og varm opp til 37º C
Ha 1 pk gjær i ein bakebolle
Ha mjølkeblandinga i bakebollen
Rør til gjæra er løyst opp
Ha i 1 egg, 
120 g sukker og 
800 g kveitemjøl
Bland alt til ei fin deig
Sett deiga til heving i ca 30 min.
Kjevl ut deiga til to firkantar
Smør på smelta margarin 
Dryss på sukker og kanel
Rull deiga fast saman
Skjær opp stykka - ca. 2 cm tjukke 
Legg dei på ei plate med bakepapir
La dei heve i ca 15 minutt
Steik dei midt i omnen på 200º C i ca 15 minutt