Klubb
   Ingrediensar:  
Dette treng du:
8 mellomstore poteter 
2 dl grynmjøl(byggmjøl)
1 dl kveitemjøl
1 ss salt
+ kålrot
+ pølser
 
Slik gjer du:
Skrell og kok 2 poteter - mos dei
Skrell 6 poteter og
- rasp 2 poteter - grovt
- rasp 4 poteter - fint
Ha dei mosa og raspa potetene i ein bolle
Ha i 2 dl byggmjøl (grynmjøl)
1 dl kveitemjøl 
1 ss salt og bland alt
Kok opp 2-3 l vatn i ei gryte
Ha i 1 ss buljongpulver
Når vatnet kokar, 
lagar du klubbar og legg dei i gryta
Klubbane må ligge i vatnet og trekke i 30 min
Når dei flyter opp er dei nesten ferdige
Kok skiver av kålrot og server som tillegg
Varm pølser eller salt kjøt 
og server som tillegg