Pizza
   Ingrediensar:  
Dette treng du:
Botn:
25 g gjær
2 dl vatn
2 ss margarin
5 dl kveitemjøl
½ ts salt 
Fyll:
1 løk
1 ss margarin
250 g kjøttdeig
3 ss tomatpuré
1 ss sukker
½ ss oregano
1 ts salt
½ ts pepar
Ca 250 g ost

Lage deig:

Smelt 2 ss margarinen, 
ha i 2 dl vatn og varm det til 37º C
Rør ut 25 g gjær i veska
Ha i salt og kveitemjøl
Arbeid deiga saman til den ”slepp” bollen
La deiga heve til dobbel størrelse 
medan du lagar pizzafyllet.
   

Lage fyll:

Reinsk 1 løk og del den i betar
Sett steikepanna på svak varme 
og ha i 2 ss margarin
Steik løk og 250 g kjøttdeig
Tilsett 1 ts  salt, ½ ts pepar, 
½ ss oregano og 3 ss tomatpuré
   

Steike pizzaen:

Sett steikeomnen på 250º C
Kjevl ut deiga til eit rektangel 
og legg den på eit steikebrett. 
Brett opp kantane
Riv 250 g ost
Ha på pizzafyllet og strø over ost
Steik pizzaen i ca 20 minutt