Skulebollar
  Ingrediensar:
Dette treng du:
5 dl mjølk
100 g margarin
1 pk gjær
1 ½ dl sukker
1 ts kardemomme
700 g kveitemjøl
Vaniljekrem:
2 dl mjølk
2 ss kveitemjøl
2 ss sukker
1 eggeplomme
1 ts vaniljesukker
 
Slik gjer du:
Smelt 100 g margarin i ei panne
Ha i 5 dl mjølk og varm opp til 37º C
Ha 1 pk gjær i ein bakebolle
Ha mjølkeblandinga i bakebollen
Rør til gjæra er løyst opp
Ha i 1½  dl sukker 
+ 1 ts kardemomme
Ha i 700 g kveitemjøl og
bland til ei fin deig
Sett deiga til heving i ca 30 min.
Trill bollar og  legg dei 
på ei plate med bakepapir
Lag ei grop i kvar bolle og ha i vaniljekrem
La dei heve på ein lun plass i 10 min.
Steik dei midt i omnen på 200º C 
i ca 15 minutt
PS: Det er godt med melisglasur og kokos!!

Vaniljekrem:

Ha 2 dl mjølk, 
1 eggeplomme og 
1 ts vaniljesukker 
2 ss kveitemjøl, 
2 ss sukker, 
i ei panne og visp dette saman
Rør godt medan det koker opp
Ta panna av plata og avkjøl
Rør av og til for å fjerne snerk