Spagetti med kjøttdeig
   Ingrediensar:  
Dette treng du:
1 løk
1 ss margarin
300 g kjøttdeig
4 ss tomatpure
Salt og pepar
300 g spagetti

Lage kjøttsaus:

Set steikepanna på plata på svak varme 
og ha i 1 ss margarin
Reinsk og skjer 1 løk i betar
Ha løken i steikepanna og surr den blank
Ha 300 g kjøttdeig i steikepanna 
og steik den brun
Tilsett 4 ss tomatpuré,  
salt og pepar
La det koke i 5 minutt
 

Koke spagetti: 

Fyll vatn i ei panne
Ha i 1 ss salt
Sett den på plata og kok opp vatnet
Ha i 300 g spagetti 
La den koke i ca 15 min. 
Rør av og til
Sil av vatnet i ein sil
Server spagetti og kjøttsaus
med brød til