| FORMÅL |
| Skolefritidsordninga i Vågsøy kommune er
eit frivilleg omsorg- og fritidstilbod til barn i 1.-4.
klasse og barn med særskilde behov i grunnskolealder. SFO
er eit tilbod om ein trygg stad å vere – der trivsel,
leik og utfordringar er ramme rundt ei positiv fritid.
SFO skal hjelpe barna til å utvikle evne til toleranse og
omsorg for andre. SFO byggjer si verksemd på skolen sine
etiske verdiar. |
| |
| EIGARFORHOLD |
| Vågsøy kommune er eigar av dei kommunale
skolefritidsordningane. |
| |
| OPPTAKSMYNDE |
|
Rektor lagar framlegg til opptak. Samarbeidsutvalet
godkjenner opptaket.
Vedtak om opptak kan klagast etter Forvaltningslova § 28.
Klageinstans er Oppvekst- og kulturutvalet.
PLASSTYPE
|
|
Det er tilbod om slike plassar: Halv plass: Inntil
10 t/veke. Heil plass: Meir enn 10 t/veke.
Fordeling av timane på dagen er opp til den einskilde
skolen. Det er i spesielle tilfelle høve til å kjøpe
einskilddagar i SFO.
OPPTAKSKRITERIUM
|
| Elevar i 1.-4. klasse og barn med særskilde
behov i 5.-7.klasse har rett til å søkje om opptak. Dersom
det er fleire søkjarar enn det er plass til, avgjer
samarbeidsutvalet etter desse kriteria: Barn med særskilde
behov går framfor andre Barn av utearbeidande foreldre/føresette
går framfor andre Yngre barn går framfor eldre barn |
| |
| OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIING AV
SKOLEFRITIDSPLASSEN |
|
Opptaksperioden er skoleåret. Hovudinntaket er frå
skolestart og gjeld for eit skoleår. Inntak elles i skoleåret
gjeld ut skoleåret. Plassen er bindande for kvart halvår.
Plassen for 2. halvår kan seiast opp innan 15. november.
Det kan søkjast om unnatak frå desse reglane.
FORELDREBETALING
|
| Kommunestyret fastset satsane for
foreldrebetaling. For foreldrebetalinga gjeld kommunale
betalingsvilkår. |
| |
| LEIKE- OG OPPHALDSAREAL |
| Skolefritidsordninga må ha leike- og
opphaldsareal som er eigna til den aktuelle aldersgruppa og
til den aktiviteten som vert driven. Innvendig areal skal
vere minst 3 m2 pr. elev, og uteareal 6 gonger større. |
| |
| DAGLEG OPPHALDSTID OG OPNINGSTID |
| Den daglege opningstida skal vere mellom kl.
07.45 og kl. 16.15.Den årlege opningstida følgjer
skoleruta. Dersom nokon av skolefritidsordningane har ope i
feriar og fridagar, skal alle brukarar få informasjon om
dette. For ev. ferieopne skolefritidsordningar vil det vere
eigne betalingssatsar. |
| |
| BEMANNING OG LEIING |
| Det må vere 10 barn for at det skal
oppretthaldast skolefritidsordning. Rådmannen kan gje
dispensasjon for færre barn. |
| |
| Retningsgjevande bemanning i
skolefritidsordninga. Av dette tid til
planlegging/tilrettelegging etter SFS 2201, p.t. 5%: |